Marie frå Seimsfoss skifta frå kristendom til islam

Marie Rosmunda Guddal Gangdal (27) frå Naterstad konverterte til islam i 2014. Det omtalar ho som eit viktig og riktig vendepunkt.
Publisert
DEL
Marie Rosmunda Guddal Gangdal (27) frå Naterstad konverterte til islam i 2014. Det omtalar ho som eit viktig og riktig vendepunkt.

Ho vaks opp i ein kristen familie der trua var sentral. Og kvinnheringen Marie Rosmunda Guddal Gangdal har aldri vore i tvil om at ho er religiøs. Men ho sleit likevel med å finna seg til rette i den kristne trua, og fortel at det særleg var den kristne treeininga ho ikkje syntest gav meining – det at Gud har tre former å openberra seg i. Det var ikkje før ho begynte å setja seg inn i islam og lesa Koranen at ho kjente at ting fall på plass.

– Då var det som om eg fekk svar på så mange spørsmål som eg tidlegare ikkje visste at eg hadde eingong. Endeleg fekk religiøsiteten mi ei skikkeleg retning og meining, og eg oppnådde for første gong ei indre ro, fortel ho.

Men det var langt frå noka sjølvfølgje at Gangdal skulle koma til å opna seg for islam. Då ho i 2011 trefte syraren Husein Mohammed, som etterkvart blei ektemannen hennar, var ho tydeleg overfor han på at ho ikkje kom til å konvertera.

– Sjølvsagt ønskte han at eg skulle konvertera på sikt, men han var òg klar på at dette var opp til meg. Og eg var først veldig skeptisk. Islam var for meg, som for nordmenn flest, noko litt framandt og ukjent, og kanskje til og med litt skummelt. Det bildet eg hadde av islam var det eg hadde fått gjennom media, og det var eit bilde av at islam og terror høyrer saman.  

Hijab og halal-mat

Gangdal fortel at då ho etterkvart bestemte seg for å lesa seg meir opp på islam, fekk ho eit heilt anna inntrykk.  

– Det som tidlegare hadde skremt meg mest med islam hadde ikkje noko med sjølve religionen å gjera, men med den politiserte og ekstremistiske tolkinga av religionen. Den islam som eg blei kjent med då eg sette meg skikkeleg inn i den, var vakker og klok.  

Den utflytta Naterstad-jenta snakkar som ein foss, og med stor innleving, når ho skal fortelja om kvifor ho vart konvertitt. Ho er busett i Oslo i lag med mannen og sonen Mohammed Eid på sju månadar. Eid-namnet har han fått fordi han vart fødd på sjølve dagen då fasta var over og eid blei feira i 2017.

– På kva måtar har livet ditt endra seg sidan du blei muslim?

– Til å begynna med var det dette med hijaben som var litt rart. Mi forståing av islam er at kvinner skal bera hijab, men eg trong litt tid før eg klarte å venja meg til å bera den, særleg ute blant folk. Generelt sett skal eg bera meir klede som muslimsk kvinne, så eg går til dømes ikkje med shorts meir. Noko eg for så vidt aldri har vore komfortabel med heller, og no har eg ei god unnskyldning, ler ho.

Alkohol og svinekjøt er forbode, eller haram, som det heiter i islam.

– No var eg ikkje storforbrukar av nokon av delane før eg blei muslim heller, men det var klart det var litt merkeleg å skulla halda seg unna salami, til dømes. Så erfarte eg at halal-salami, som er laga av andre kjøtsortar enn svin, smakar heilt fortreffeleg den òg.

Islam handlar ikkje berre om tru, men òg om livsstil, og det er mange reglar for kva levesett ein god muslim skal ha. Det er Gangdal komfortabel med.

– Noko av det eg synest er så flott med islam, er at den har reglar for korleis ein skal leva. Er det noko ein lurar på, kan ein berre snu seg til islam, så finn ein svar. Eg trur at Gud sit med dei rette svara på alt, og eg stolar på han.

Lovene til Gud

Kvar fredag, så framt ingenting presserande kjem i vegen, går Gangdal og mannen til den faste moskeen sin. Inne i moskeen blir dei viste til ulike avdelingar, ei for mannen og ei for kvinna. Og så er det ei avdeling for kvinner med småbarn, der Gangdal har opphalde seg fredagane sidan ho blei mor.

– Eg er vanlegvis ikkje så flink til å bli kjent med nye menneske, men her inne har eg den siste tida begynt å bli kjent med nokre andre småbarnsmødrer. Det er rart med det, barn har ein tendens til å føra folk saman, seier ho.

I tillegg har Gangdal begynt å delta i den årlege, muslimske fasta, der ho ikkje har lov til å eta og drikka mellom soloppgang og solnedgang i éin månad. Og så ber ho fem gonger om dagen året igjennom, slik ein god muslim bør.  

– Eg prøver å be der eg er, men sjølvsagt er det ikkje alltid det passar. Då utset eg det til eg kjem heim. Eg likar bøna og den roa den gir. Vi muslimar ber med heile kroppen. Til å begynna med var det litt uvant. No synest eg det kjennest heilt rett, fortel ho.

– Er det ting du er usamd i av det islam forkynner?

– Av det som står i Koranen og av det profeten Muhammed har formidla, er det ingenting eg er usamd i. Sjølvsagt ønskjer eg jo ikkje at mannen min skal ta seg ei kone nummer to, sjølv om Koranen opnar for fleirkoneri. Men hadde det blitt realitet for oss ein dag, så hadde eg nok funne ein måte å leva med det på, og eg hadde gjort mitt ytste for å forstå valet hans, sjølv om det nok hadde gjort vondt til å begynna med.

– Men etter norsk lov kan ein berre vera gift med éi eller éin om gongen. Kva tenkjer du om kva lov som er viktigast – Guds lov eller lova til landet du bur i?

– Vi muslimar er forplikta til å følgja lovene i landet vi bur i, så lenge desse ikkje tvingar oss til å gjera noko som er synd i høve til sharia, altså den tradisjonelle islamske lova som er gitt av Gud. Så derfor er det naturleg at vi held oss til norsk lov når vi bur i Norge, men Gud sine lover er rettesnor for liva vi lever, forklarer ho, og legg til at mange får piggane ute straks dei høyrer ordet sharia.

– Om sharia er det mange mytar, men sharia er eigentleg berre retningslinjene for korleis ein god muslim skal leva. Du har til dømes dette med dødsstraff, som ofte blir knytt til sharia, som vert rekna som veldig kontroversielt. Men så skal det òg svært, svært sterke bevis til for at nokon kan bli dømt for til dømes utruskap. Fire menn må ha vore vitne til sjølve den fysiske handlinga, og desse skal ha plettfri moral. Og som sagt, i eit land der ei anna lov er den gjeldande, er det først og fremst den lova vi skal følgja, seier ho, og legg til at også mange muslimske land følgjer vestleg straffelov framføre sharia.

– Kva meiner du om islam sitt kvinnesyn?

– I følgje Koranen har kvinner og menn like stor verdi, men ulike roller i samfunnet. Som muslimsk mann er ein overhovud i familien, men då òg forplikta til å ta godt vare på familien sin. Så eg føler meg trygg og heldig som muslimsk kvinne, seier ho.

Tok det pent

Sidan ho blei mamma, og følgjeleg fekk permisjon frå jobben som sjukepleiar, har Gangdal vore litt meir heime på besøk hos familien i Kvinnherad enn ho hadde tid til før. Til å begynna med syntest ho det var litt merkeleg å reisa heim i hijab.

– Eg følte eg fekk mange blikk på meg dei første gongane. Og særleg på båten frå Bergen til Kvinnherad  kjende eg meg på utstilling. Så vart eg heldigvis overraska over kor få som faktisk stirra og sende meg skeive blikk. Og dei siste åra har det kome fleire og fleire innvandrarar også til Rosendal, så eg innsåg at eg ikkje skilde meg så mykje ut i gatebildet likevel som eg først hadde frykta.

– Kva reaksjonar fekk du då du konverterte?

– Dei fleste tok det pent, eg trur til og med ein del nærast såg det ville koma. Eg frykta nok reaksjonane skulle bli verre enn det dei faktisk blei. Foreldra mine sa jo at dette ikkje var det dei hadde ønskt for meg. Samstundes er eg dottera deira, og vi har fin kontakt framleis. Sånn som eg ser på det, er det alltids vondare ting ein kan gjera mot familien sin enn å finna seg til rette i ein religion, vurderer Gangdal.

Ho fortel at venninnene òg har vist stor forståing for valet hennar, også dei kristne venninnene.

– Det er klart dei har hatt ein del spørsmål. Som konvertitt får eg generelt mange spørsmål om valet mitt. Somme er opne og berre nysgjerrige, andre er svært kritiske. Eg toler det. Det viktigaste for meg er at eg kjenner meg trygg på valet eg har tatt. Eit val som har vore mitt åleine, og som eg kjem til å stå ved, seier ho.

Ho fortel at ho og mannen nyleg møtte ein kamerat av han som lurte på om Gangdal trudde ho kom til å halda fram som muslim dersom det éin gong skulle skjera seg mellom paret.

– Då svarte eg «ja». For det er jo ikkje for mannen min eg har blitt muslim, det er fordi eg vil det sjølv. Før eg konverterte, flakka eg mykje fram og tilbake. No stressar eg ikkje så mykje med noko som helst meir. Eg kjenner meg avslappa og tilfreds, og har funne meininga med livet, sluttar Gangdal.

Artikkeltags