NYE PERSPEKTIV: – Det eg har opplevd set sjølvsagt livet i eit nytt perspektiv. Ting eg tidlegare tok for gitt, set eg no meir pris på, seier Rannveig Solheim
Svend Arne Vee

– Målet er å bli heilt Rannveig igjen

SVANØY: – Eg veit eg hadde køyrt postrunden på føremiddagen, den dagen 26. mars. Det neste eg hugsar står oppført i kalendaren min den 6. mai. Seks veker av livet mitt er heilt borte.
Publisert

(Firdaposten) – Nei. Det er ikkje mogleg. Ikkje Rannveig, det kan ikkje stemme. Det må vere feil.

Slik var reaksjonen då øyfolket på Svanøy fekk høyre den sjokkerande nyheita: Rannveig Solheim, den eviggåande motoren i lokalsamfunnet deira var funnen livlaus i grøfta langs vegen ved Kvalstad gard. Men dei tunge, taktfaste slaga av rotorblada til redningshelikopteret som dundra over øya den grå og skoddetunge vårdagen, hamra alvoret inn i dei alle.

Men ikkje Rannveig, vel? Postdama. Kulturguiden. Kyrkjetenaren. Grendalagsmotoren. Sauebonden. Skogsarbeidaren. Ho som alltid kom og fòr som ein virvelvind. Aldri sjuk. Alltid full av energi. Alltid på veg til neste gjeremål.

– Men det var nok meg, ja, seier Rannveig med eit stille smil. Ho sit over bordet for oss på Norsk Hjortesenter. Den same Rannveig, men kanskje ikkje heilt likevel. Smilet er på plass, dei småironiske kommentarane er dei same som før. Utapå er mykje likt. Men det er framleis ein veg å gå for 59-åringen.

Attmed sit ektemannen Johan Trygve Solheim. Det er han og sønene som utgjer Rannveig sitt minne frå den dramatiske mars-dagen og fram til tidleg i mai. Sjølv hugsar ho ingenting. Johan Trygve meiner det er ei god blanding av flaks, tilfeldigheiter og svært kvalifisert helseberedskap som gjer at dei to kan sitje og drikke føremiddagskaffien saman over bordet, med den låge oktobersola inn vindauget som lyssetjing.

Når så mange har gjort så mykje for at eg skulle overleve og bli frisk att, så må no jammen eg trø til litt å gjere min del.

Rannveig Solheim

– Eg hadde levert nokre gjester nede på kaia, var tilbake på Hjortesenteret, sette meg i kontorstolen, skreiv ein epost og trykte «send». Så titta eg ut glaset og såg bortetter vegen. Eg stussa. Der stakk det eit sykkelstyre opp av veggrøfta. Eg veit Rannveig ikkje slengjer sykkelen frå seg i grøftekanten viss det ikkje er noko som hastar. Først tenkte eg det var hjort eller hundar på rømmen, så eg sprang bort. Der fann eg ho livlaus i grøfta. Resten gjekk eigentleg på autopilot, seier Solheim stille.

[Teksten held fram under bildet]

HER FANN HAN RANNVEIG: – Hadde Rannveig fått hjerneblødninga 100 meter lenger borte i vegen, hadde eg ikkje sett ho, seier Johan Trygve Solheim.

HER FANN HAN RANNVEIG: – Hadde Rannveig fått hjerneblødninga 100 meter lenger borte i vegen, hadde eg ikkje sett ho, seier Johan Trygve Solheim.


Den neste halvtimen var ein kamp mot klokka og mot dårleg mobildekning. Etter å ha konstatert at kona pusta og hadde hjarterytme, fekk han lagt ho i stabilt sideleie. Så måtte han spurte tilbake til Hjortesenteret for å få ringt Alarmsentralen. Borte i vegen, der Rannveig låg, fanst det inga mobildekning.

– Helikopteret var her på under halvtimen. Så bar det rake vegen til Bergen og Haukeland. Her blei det konstatert kraftig hjerneblødning, ei utposing på ei blodåre hadde sprukke. Prognosane vi fekk i forkant av operasjonen var ikkje gode. 50 prosent sjanse for å overleve, og om ho levde, var det fifty-fifty om ho kom til å ende opp med store, permanente hjerneskader. Eg sov ikkje mange minuttane den natta.

Men allereie neste dag kom den første av mange gladmeldingar for Rannveig og familien.

– Eg såg kirurgen kome mot meg etter at operasjonen var ferdig, og eg er såpass menneskekjennar at eg såg han hadde positive nyheiter. Eg hugsar at eg ikkje spurte, men nærast konstaterte "Dette gjekk bra, ja?". Og det stadfesta kirurgen. Det hadde gått verkeleg bra, langt betre enn kva han hadde håpa på, fortel Johan Trygve.

Over bordet sit Rannveig med eit lite smil, lyttande, før ho sjølv set ord på korleis ho har opplevd dei siste månadene.

– Då eg blei overført til Førde sentralsjukehus byrja det etter kvart å klarne litt for meg, og eg fekk innsikt i kva som hadde skjedd meg. Eg har notert i ein kalendar 6. mai, at det var første dagen eg hadde verkelegheita litt på stell for min eigen del. Eg forstod kvar eg var. Og dels kva som hadde hendt meg. Og eg må hugse å seie dette: Dei tilsette i Førde er ein himmelsk hærskare i kvitt. Måten dei tok mot meg på, og korleis dei har hjulpe meg i gang med kampen min, er heilt utruleg, slår ho fast.

Hjerneblødning og hjerneslag

  • Hjerneblødning kan oppstå i alle delar av hjernen og omfattar mellom 10-15 prosent av alle hjerneslag
  • Blødning i hjernevevet kjem plutseleg, oftast utan symptom i forkant.
  • Ved ein hjerneblødning tek hjernecellene skade av blodet som lek ut, og det dannar seg hevelse i området
  • Mellom 12.000 og 15.000 personar får hjerneslag/hjerneblødning årleg i Norge
  • Hjerneslag er den hyppigaste årsaka til funksjonshemming som ikkje er medfødt og den tredje vanlegaste dødsårsaken i Norge.

(Kjelde: LHL)

Og det var nok å ta tak i. Rannveig sleit i starten med å forstå. Og med vrangforestillingar. Ergo- og fysioterapi gjekk sin gang, men frå augespesialistane var prognosane elendige.

– Eg hadde 30-40 prosent syn på begge augene etter hjerneblødninga. Dei sa eg aldri ville få synet skikkeleg tilbake. Men på tysdag denne veka var eg til ny sjekk. Då hadde eg bikka 70 prosent allereie, og ekspertane vart solid overraska, seier Rannveig energisk, tydeleg på eitt mål:

– Eg skal ha tilbake sertifikatet. Eg kunne køyre bil igjen i framtida, om eg skal fungere. Eg må få svinge motorsaga igjen og jobbe i skogen. Eg må berre bli litt sterkare i kroppen først. Og du Johan Trygve, du må love meg at du ikkje skal halde meg att, overvake meg og gå rundt å vere hønefar. Viss ikkje blir eg aldri Rannveig igjen, veit du, seier ho på ekte Rannveig-vis.

[Teksten held fram under bildet]


MÅ BAK RATTET ATT: Først sa ekspertane det var umogleg. Men på få månader har Rannveig sitt syn gått frå 30 til 70 prosent. – Eg skal bak rattet på «Skrubben» igjen, seier ho standhaftig.

MÅ BAK RATTET ATT: Først sa ekspertane det var umogleg. Men på få månader har Rannveig sitt syn gått frå 30 til 70 prosent. – Eg skal bak rattet på «Skrubben» igjen, seier ho standhaftig.

Ektemannen smiler og seier for ei gongs skuld ikkje så mykje. Men så kjem ei betraktning:

– Alle legane og ekspertane eg har snakka med undervegs, har streka under kor viktig eigenvilje og staheit har å bety for om ein lukkast å kome heilt tilbake til livet etter ei kraftig hjerneblødning. Og akkurat dei faktorane skortar det ikkje på hos Rannveig, kjem det med eit lakonisk smil.

Den 3. juli fekk Rannveig flytte heim til Svanøy. No har ho funne ein slags dagsrytme som fungerer.

– Eg veit eg må skunde meg langsamt. Men eg kan alt slå fast at føremiddags såpeopera på tv ikkje er noko for meg. Dei to jakthundane våre, Larris og Snoopy er no omgjort til «terapihundar». Dei første hundeturane eg prøvde meg på, vart ikkje rare greiene, eg hang som eit slips etter bikkjene. Men no blir det stadig lengre turar og eg føler meg sterkare og sterkare.

Tenk om eg må slutte med sauedrifta. Aldri meir få oppleve våren og lamminga. Det kan berre ikkje skje.

Rannveig Solheim

Men sjølv om dei tre karane i familien har lova å ikkje leggje band på henne, så klarar dei det ikkje heilt. Ein dag ringde fleire av dei til Rannveig, utan å få svar. Dei drog heim utan å finne henne, og det var hakket før det blei slått full alarm og iverksett leiteaksjon.

– Men då kom Rannveig tuslande heim på tunet og forstod ikkje kva alt styret handla om. Ho kom med korga på armen, og hadde vore i skogen på sopptur, smiler Johan Trygve.

Familien har valt å vere opne rundt det dei har vore gjennom. Dei gjekk tidleg ut på sosiale medier og fortalde, mest av alt for å sleppe tusenvis av spørsmål – og at «alternative fakta» skulle spreie seg i bygdemiljøet.

– Folk på øya har vore heilt fantastiske. Eg har fått tilbod om hjelp og støtte, og rett som det er kjem det folk bort til meg og gir meg ein klem; folk eg eigentleg ikkje kjenner så godt. Det varmar. Eg er takknemleg for, og overveldet av, den omsorga og merksemda eg har fått frå vener og kjende. Både i form av blomster, brev, besøk på sjukehuset, gåver og forbøn. Det har betydd mykje for meg, seier Rannveig.

Men Rannveig er rastlaus. Vi blir lokka utomhus i det vakre oktoberveret, hentar dei to turkameratane hennar frå hundegarden og legg i veg mot området nord om Midtvatnet, der Rannveig har lagt ned tusenvis arbeidstimar i skogpleie, trefelling og vedproduksjon. Her ligg vedstablane sirleg stabla opp til tørk. Vedsesongen var akkurat fullført da ho blei sjuk. Neste sesong blir nok utsett.

– Eg har så lyst å kome meg i skogen att! Det er ein så viktig del av livet mitt. Og så er det jo sauene, då. Til no har familien teke ansvar for heile besetninga mi, men det kan jo ikkje vare evig. Tenk om eg må slutte med sauedrifta! Aldri meir få oppleve våren og lamminga. Det kan berre ikkje skje. Eg må tilbake att, og eg må fikse dette, seier ho bestemt.

[Teksten held fram under bildet]

SAMLAR STYRKE: – Om eg klarar å svinge motorsaga igjen? Eg trur det. Og eg vil tilbake til vedhogsten, seier Rannveig, seks månader etter at ho nesten mista livet av ein kraftig hjerneblødning.

SAMLAR STYRKE: – Om eg klarar å svinge motorsaga igjen? Eg trur det. Og eg vil tilbake til vedhogsten, seier Rannveig, seks månader etter at ho nesten mista livet av ein kraftig hjerneblødning.

Eit nytt kapittel i «bli Rannveig-prosjektet» startar 16. oktober. Då set ho kursen mot Hauglandssenteret, for tre veker med tøff trening og vidare rehabilitering.

– Og du, viss dei les Firdaposten der nede, så skriv at eg ønskjer meg ein skikkeleg slavedrivar når eg kjem dit!

– Kva tankar gjer du deg om framtida? Går du rundt og er redd?

– Nei. Eg kan ikkje det. Eg har ligge vaken mang ei natt og tenkt på akkurat dette. Når så mange har gjort så mykje for at eg skulle overleve og bli frisk att, så må no jammen eg trø til litt å gjere min del. Viss det som hende meg skal definere resten av livet mitt, legge avgrensingar på kva eg kan gjere, så blir eg aldri Rannveig att. Og det er målet. Å bli så mykje Rannveig som eg klarar.

Helsevesenet fungerer, pengeteljarane er håplause

Måten ekteparet Solheim har blitt behandla av skatte- og bankvesenet i samband med ulukka til Rannveig, står i grell kontrast til hjelpa dei har fått av helsevesenet.

– Du bør vere frisk og tøff for å takle å vere sjuk, i alle fall når det kjem til det økonomiske, konstaterer Johan Trygve Solheim.

Opplevingane han har hatt for å halde hjula gåande økonomisk for kona si, som driv eige føretak, har vore ein alvorleg vekkjar.

[Teksten held fram under bildet]

KVART SITT FØRETAK: Med skild økonomi og kvart sitt føretak, blei det ei alvorleg papirmølle å bekjempe for ektemannen Johan Trygve då han forsøkte å halde hjula gåande i Rannveig sitt selskap då han blei sjuk. Her er dei ute på luftetur med jakthundane Snoopy og Larris, som no også gjer nytte som terapihundar for Rannveig.

KVART SITT FØRETAK: Med skild økonomi og kvart sitt føretak, blei det ei alvorleg papirmølle å bekjempe for ektemannen Johan Trygve då han forsøkte å halde hjula gåande i Rannveig sitt selskap då han blei sjuk. Her er dei ute på luftetur med jakthundane Snoopy og Larris, som no også gjer nytte som terapihundar for Rannveig.

– Då Rannveig vart sjuk, tikka sjølvsagt den økonomiske klokka vidare som før. Det var momsinnbetalingar som skulle ordnast, det kom fakturaer frå leverandørar, leasingkrav på ulikt utstyr og mykje anna. Eg fann ut at det tok 12 veker å få registrert meg som verje for Rannveig. Og eg undrar meg: Korleis i himmelens namn kan det ta 12 veker å fatte eit verje-vedtak? Det hadde eg uansett ikkje tid til å vente på, så eg fann ei anna løysing, nemleg å få skrive ut ein såkalla legalfullmakt. Eg drog eins ærend til banken hennar i Bergen for å få dei til å gjere dette, slik dei skal, men blei møtt med kun motvilje og mistanke, sjølv om eg hadde alle erklæringar som forskrifta krev for at banken skulle få gjort jobben, fortel Solheim.

I verste fall kunne verksemda til Rannveig ha gått over ende.

Johan Trygve Solheim

Hjå Skatt Vest var det heller inga forståing å få.

– Her enda vi opp med eit krav om forsinkelsesrente på symbolske kroner 53,- fordi momsen hennar blei betalt inn for seint. Brevet med dette kravet har eg bestemt meg for å ramme inn i gullramme og henge på veggen heime, seier Solheim irritert.

For å halde føretaket til Rannveig flytande, enda han opp med å betale rekningane hennar frå si eiga lomme.

– I verste fall kunne verksemda til Rannveig ha gått over ende. Eg trur mange ektepar bør ta ein runde med banken sin og sjekke korleis kontotilgangar til felleskontoar er sett opp. Ein kan ha ein felleskonto, men er du sikker på at den står i begge sitt namn? Viss ikkje kan ei slik hending som vi har hatt, føre til at du ikkje ein gong får tilgang til din eigne pengar, seier Solheim.

For å unngå å oppleve det ekteparet har opplevd, har Johan Trygve følgjande råd:

- Eg tilrår at ein signerer ei såkalla framtidsfullmakt. Kontakt ein advokat og få hjelp med å sette opp ei slik fullmakt. Dette kan også vere svært aktuelt for oss med godt vaksne foreldre. Eg ser at det offentlege tilrår verjemål, men eg trur ei slik fullmakt er mykje betre. Ikkje minst fordi den trer i kraft med ein gong det ligg føre ei gyldig legeerklæring om at den som har gjeve ei slik fullmakt til deg, ikkje lengre er i stand til å ivareta eigne økonomiske interesser, seier han, og avsluttar:

- Eg er takknemleg overfor alle dei som har hjelpt meg med gode råd og eigne erfaringar. Det er fantastisk at eg har så mange rundt meg som bryr seg.










Artikkeltags