Gå til sidens hovedinnhold

Slik vil jet-Widerøe fly deg ut i verda frå Bergen

Og billettar kan du bestille allereie frå i dag av.

Widerøe si jetflysatsing frå neste år, vil gje vestlendingar eit større utanlands flytilbod, utan først å måtte ta "strafferunden" om Oslo.

I ei pressemelding fortel selskapet om følgjande nye ruteplanar med Flesland som utgangspunkt, frå neste sommar. Og alle er direkteruter:

Bergen – Billund

Bergen – München

Bergen – Hamburg

Bergen – Gøteborg

Dei første nye utanlandsflygingane blir rulla ut i juni, og innan utgangen av august skal alle nysatsingane vere oppe og gå.

Det er dei nye 114-setars jetflya (Embraer E190-E2) som set regionalflyaktøren i stand til å satse breiare, og det skal også opprettast nye ruter ut frå Kristiansand (London), samt nye innanlandstilbod ut frå mellom anna Kjevik.

-Alt i april neste år skriv vi luftfartshistorie når dei nye og meir miljøvennlige jetflya tar av fra Bergen til Tromsø og Bodø. Desse flyavil også bli sett inn på dei nye utanlandsrutene til Hamburg og München, som opnar 13. og 14. august, fortel administrerande direktør Stein Nilsen i Widerøe.

Den nye "Legoland-ruta" til Billund vil vere først ut til sommaren, med oppstart 25. juni. Men det skal ikkje berre kome reiselystne nordmenn til gode:

- Vi meiner Bergen og Vestlandet er eitt av dei mest interessante reiselivsprodukta i Europa. Desse destinasjonane representerer ruter der vi ser eit stort potensiale for å trekkje utlendingar til Bergen, seier Stein Nilsen.

Billettane til dei nye rutene kan kjøpast på Widerøe sine nettsider frå i dag av, torsdag 14. desember.

Reklame

Her får du tak i valpekalenderen 2021